Næringsalliansen Vestland

Næringsalliansen Vestland er eit samarbeid mellom 16 næringsråd og -foreiningar i heile Vestland fylke. Gjennom 2021 har det vore gjennomført fire møte i alliansen med godt oppmøte.

Formål og strategi

Samarbeidsavtalen for Næringsalliansen Vestland slår fast at han skal vere grunnlaget for eit forsterka og inkluderande samarbeid mellom dei private næringsforeiningane i regionen. Avtalen peikar særleg på fire hovudmål:

  • Meir kraft i påverknads- og lobbyarbeidet, særleg regionalt og nasjonalt.
  • Fellesorganisert talerøyr ovanfor Vestland fylkeskommune.
  • Framstå samla i utvalde saker, også som høyringsinstans regionalt og sentralt.
  • Utveksling av kunnskap og erfaringar, nettverksdeling.

Viktige saker i 2021

I 2021 har «Grøn Region Vestland» vore særleg viktig. Prosjektet skal nyttast som grunnlag når ei rekkje private og offentlege aktørar arbeider for å realisere det store potensialet for grøn omstilling i fylket. «Grøn Region Vestland» er ei vidareføring av «Vestlandsscenaria», som Næringsalliansen var ein sentral pådrivar for i 2020. EY har, på oppdrag frå Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, utført ei omfattande kartlegging av etableringar og initiativ som kan medverke til lågare utslepp, nye arbeidsplassar og auka eksport og verdiskaping. Fire delrapportar får fram ulike regionale styrkar og utfordringar i rekkjevis Bergensregionen, Fjordane, Indre Vestland og Sunnhordland. Industriell symbiose er eit sentralt omgrep, og «Grøn Region Vestland» peikar på fleire stader («hub-ar») med føresetnader for å samle ulike verksemder som kan ha stor nytte av kvarandre.

Framover vert det heilt avgjerande at entusiasmen kring «Grøn Region Vestland» vert vidareført og at suksessforteljingane frå Vestlandsporteføljen får fortent merksemd. Næringsalliansen kan, med sitt store geografiske nedslagsfelt, spele ei viktig rolle og er alt invitert inn i fleire arbeidsgrupper som skal vidareføre dette.

«Grøn Region Vestland» utgjer eit viktig fundament for Handlingsprogram for Regional plan for innovasjon og næringsutvikling, vedtatt av Fylkestinget i desember 2021. Næringsalliansen var representert i ei referansegruppe undervegs i prosessen. Vestland fylkeskommune vart i eit brev frå Næringsalliansen utfordra til å fronte vestlandske interesser i kraftpolitikken:

«Det kan ikkje lenger vere slik at tilgjengeleg kraft vert tildelt etter eit «først til mølla»-prinsipp. Kraft må tildelast dei etableringane som kan vise til størst samfunnsøkonomisk lønsemd, verdiskaping og sysselsetjing. Kraftkrevjande tiltak som til dømes ikkje kan dokumentere ein auke i arbeidsplassar, må prioriterast lågare enn dei som medverkar til høgare, berekraftig sysselsetjing.»

Næringsalliansen sette óg ned eit internt utval, som medverka til tydelege formuleringar om ei forsert utbygging av nødvendig nettkapasitet i det endelege vedtaket.

Alliansen har óg nytta høvet til å utdjupe bodskapen i møte med det statlege Nakstad-utvalet, som legg fram sin rapport til sommaren 2022.

Samarbeidet med Vestland fylkeskommune fungerer svært godt. I 2021 fekk Næringsalliansen fast plass i Næringsforum Vestland, eit strategisk viktig forum for innovasjon og næringsutvikling i fylket.

Aktiviteten i Næringsalliansen

Aktiviteten har vore god, sjølv om føresetnadane i 2021 ikkje har vore optimale. To av dei fire møta i Næringsalliansen vart gjennomført digitalt. Det var ein direkte konsekvens av pandemien, men det er óg ei effektiv møteform for medlemmane som er spreidd over eit stort fylke. Gjennom året har mellom andre Equinor og Fagskulen i Hordaland møtt alliansen. Bergen Næringsråd har presentert sine kompetanseprosjekt (Trainee Vest, Styrekandidaten, Bergen Opportunity). Det har óg vore kontakt med Voss herad, med tanke på å etablere eit samarbeid med næringslivet der.

Ei fysisk samling over to dagar har lenge vore planlagt, men det let seg ikkje gjere i 2021. Svært positivt var det difor at mange i alliansen deltok på nyvinninga Fjordtinget i Øystese, dagen etter junimøtet i Næringsalliansen samme stad.

Gjennom året er det gjennomført fleire medlemsundersøkingar. Det er svært viktig at desse er representative for verksemder i heile fylket, noko som óg har gitt godt synlege gjennomslag i pressa.

Svært gledeleg er det at Askøy Næringsråd er tilbake som fullverdig medlem etter nokre år utanfor alliansen.

Bergen Næringsråd fungerer som administrativ ressurs for Næringsalliansen. Aktiviteten er i hovudsak finansiert gjennom medlemskontingent. I 2021 har Næringsalliansen óg fått økonomisk stønad frå Sparebanken Vest.

Næringsalliansen i Hordaland er ved inngangen til 2022 samansett av desse 16 næringsforeiningane:

  • Bergen Næringsråd
  • Askøy Næringsråd
  • Austevoll Næringsråd
  • Bjørnafjorden Næringsråd
  • Bømlo Næringsråd
  • Fikse Næringsforening – Etne og Vindafjord
  • Hardanger Industri
  • Kvam Næringsråd
  • Kvinnherad Næringsservice
  • Nordhordland Næringslag
  • Osterøy Industri- og næringslag
  • Sogn og Fjordane Næringsråd
  • Stord Næringsråd
  • Tysnes Næringsråd
  • Vaksdal Næringsselskap
  • Vest Næringsråd